Mackenzie District er eit distrikt på Sørøya på New Zealand. Det ligg i regionen Canterbury.

Viktige busetnadar Fairlie Twizel Cave Mount Cook Village Albury Lake Tekapo

Andre Burkes Pass

Geografi mini|høgre| Utsyn over Tekaposjøen. mini|venstre| Aoraki/Mount Cook ligg i Mackenzie District. Mackenzie District ligg sentralt på Sørøya, sørvest for Christchurch. Det ligg inntil Søralpane. Her ligg òg det 3754 meter høge fjellet Aoraki/Mount Cook, det høgaste i landet. Fleire brear har påverka landskapet i området betrakteleg. Slik har det oppstått tre innsjøar som nesten ligg parallelt: Lake Tekapo, Lake Pukaki og Lake Ohau. Dei fleste av elvene som renn ut or desse innsjøane munnar ut i Waitaki River.

Sjå elles: Mackenzie Basin, Mackenzie River, Tekapo River, Pukaki River, Grays River

Økonomi Distriktet er heller spreidd busett, men har ei rekkje gardsbruk. I den seinare tida (sist på 2000-talet) har det kome fleire framlegg om nye driftsformer for jordbruket, noko som har fått dei lokale innbyggjarane til å ottast at jordbruket vil verta endra frå ofte familiedrivne gardar til store landbruksselskap, og at dette kan føra til auka lokal økologisk skade og føra kapital ut av landet.

Vêrlag Mackenzie District har eit turt temperert-kontinentalt klima med klåre, friske og snørike vintrar og lange, varme sumrar. Haustane er kjende for eit sprakande fargespel, medan vårane fører med seg bløming av ville blomar over heile området. Den varme sumartida er mellom november og februar, då kvikksølvet ofte når over 30 °C. I dei kjøligare vintrane, frå juni til september, fell temperaturane under 0 °C om nettene, medan dagtemperaturen på solrike vinterdagar i gjennomsnitt ligg kring 8 °C, og der er regelmessige snøfall.

Kjende stadar Fjell Aoraki/Mount Cook

Innsjøar Tekaposjøen og Church of the Good Shepherd (Kyrkja til den gode hyrdingen). Pukakisjøen Ruataniwhasjøen, eit av dei mest kjente rostadiona på New Zealand. Ohausjøen

Isbrear Tasmanbreen

Skisenter Fox Peak Mt Dobson Round Hill Tasman Glacier Heliski

Nasjonalparkar Aoraki/Mount Cook National Park

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mackenzie District» frå , den 8. mars 2010.

Bakgrunnsstoff

Heimeside til Mackenzie District Council Mackenzie - legender, historikk og turistinformasjon

Kategori:Canterbury på New Zealand Kategori:Distrikt på New Zealand