Idriss Carlos Kameni () er ein kamerunsk fotballspelar som spelar som keeper for Espanyol i den spanske fotballigaen, og for det kamerunske landslaget.

Klubbkarriere Kameni fekk gjennombrotet sitt då han som 16-åring vart den yngste fotballspelaren nokonsinne som vann gullmedalje i OL for Kamerun i 2000. Etter dette vart han kjøpt av den franske klubben Le Havre. Han klarde ikkje å oppnå ein fast plass på laget i Le Havre, og heller ikkje i Saint-Étienne då han var på utlån der. I 2003 gjekk han nesten på lån til den engelske Premier League-klubben Wolverhampton Wanderers for ein sesong, men avtalen fall gjennom, då Kameni ikkje fekk arbeidsløyve i Storbritannia.

20 år gammal gjekk Kameni til den spanske klubben Espanyol i Barcelona i juli 2004, for 600 000 dollar. I 2005/06-sesongen spelte han Espanyol sine kampar i den spanske cupen, som Espanyol vann. I 2006/07-sesongen vart han Espanyol sin førstekeeper i serien. I 2008/09-sesongen, då Espanyol lenge stod i fare for nedrykk, var Kameni utsett for to episodar: Først var han nær ved å komma i handgemeng med ein tilhengjar som hadde fornærma han etter ei trening.Kameni se encara con un aficionado después del entrenamiento (Kameni confronts fan after training); Diario Marca, 5. januar 2009 på spansk Deretter hamna han i slagsmål med lagkameraten Grégory Béranger etter trening i mai.Incidente entre Béranger y Kameni (Incident between Béranger and Kameni) ; El Espanyol, 16. mai 2009 på spansk Han spelte 37 av dei 38 ligakampane i sesongen, som enda med at Espanyol redda plassen i 1. divisjon.

Landslagskarriere Kameni fekk landslagsdebuten sin allereie som 17-åring. Han var med i Kamerun sin tropp til Afrikameisterskapen i 2002, 2004, 2006 og 2008, og spelte i alle utanom den første. I 2002 var Kameni med i Kamerun sin tropp til fotball-VM, som 18-åring, men utan å spela nokon kampar.

I 2006/07-sesongen vart han kåra til beste afrikanske keeper, etter å ha kome på andreplass i denne kåringa året før.,

Anna Kameni sin storebror, Mathurin, er også fotballkeeper og landslagsspelar for Kamerun.

Fotnotar -

''Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 13. mars 2010.

Kameni, Idriss Carlos Kategori:Le Havre-spelarar Kategori:Saint-Étienne-spelarar Kategori:Espanyol-spelarar