Justo Wilmar Villar Viveros () er ein paraguayansk fotballspelar og keeper for Paraguay sitt landslag og Estudiantes i Argentina.
Villar begynte karrieren sin i klubben Club Sol de América i hovudstaden Asunción. I 2001 gjekk han til den større hovudstadsklubben Club Libertad, der han vart seriemeister to år på rad i 2002 og 2003. Han vart kåra til årets spelar i Paraguay i 2004. Same året gjekk han til klubben Newell's Old Boys i Argentina. I første sesongen sin der vart han kåra til årets keeper i Argentina.
14. juli 2008 vart Villar presentert som Real Valladolid-spelar, og flytta til Europa og spansk 1. divisjon. I den første sesongen sin der spelte han i 15 ligakampar.
Villar fekk den første A-landskampen sin i 1999. Han var med i troppen til fotball-VM i 2002 som reserve for den legendariske José Luis Chilavert. I fotball-VM i 2006 spelte han frå start i Paraguay sin første kamp mot England, men etter sju minutt vart han skada, og var ute resten av turneringa.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 14. mars 2010.
Kategori:Paraguayanske fotballspelarar Kategori:Real Valladolid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010