Egil Kristiansen () i Lillehammer er ein norsk langrennstrenar og tidlegare langrennsløpar. Den beste individuelle prestasjonen hans i løypa er 8. plassen på 30 km under dei olympiske leikane på Lillehammer i 1994.
Kristiansen vann to sølvmedaljar i noregsmeisterskap, begge på 10 km, og ein bronsemedalje.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn 1992: Nr 16 på 50 km i Vang 1992/3: Nr 21 på 15 km i Ramsau 1994: Nr 8 på 30 km i OL på Lillehammer 1994/5: Nr 6 på 10 km i Sappada 1996: Nr 15 på 10 km i Falun 1997: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen 1998: Nr 10 på 30 km i Kavgolovo 1999: Nr 23 på 30 km i Nove Mesto 2000: Nr 11 på 30 km i Moskva 2001: Nr 24 på 60 km i Kuopio
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1990: Nr 10 på 30 km på Gjøvik. Ski-NM 1992: Sølvmedalje på 10 km i Trondheim Ski-NM 1993: Nr 4 på 50 km på Dombås Ski-NM 1994: Nr 4 på 30 km i Vegårshei Ski-NM 1995: Nr 8 på 10 km i Oslo Ski-NM 1996: Sølvmedalje på 10 km i Stryn Ski-NM 1997: Bronsemedalje på 30 km i Mo i Rana Ski-NM 1998: Nr 7 på 50 km i Alta Ski-NM 2000: Nr 5 på 10 km i Vang
Trenar Kristiansen la opp som langrennsløpar i 2001 og vart deretter tilsett i trenarteamet kring det norske kvinnelandslaget i langrenn. År 2005 tok han over som norsk landslagstrenar i langrenn for kvinner, eit syssel han innehar framleis (2011).
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Egil Kristiansen i fis-ski.com Egil Kristiansen i olympedia.org
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Lillehammer Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Norske trenarar