Brother Isle (norrønt breiðare øy, tyder «brei strand-øy») er ei lita, folketom øy i Shetlandsøyane i Skottland. Ho ligg mellom øyane Yell og Shetland Mainland. Øya er 40 hektar stor.
Geologi Berggrunnen på øya består av moine-gneis og kvartsitt.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
Historie Det vert stundom trudd at brother, som tyder «bror», viser til culdee-munkane som ofte busette slike mindre øyar, men i dette tilfellet har ein ikkje bevis for at dette er tilfelle.
Sidan øya berre har ein storleik på 40 hektar og er omgjeve av sterke tidvasstraumar som gjer det vanskeleg å gå i land, verkar det lite truleg at ho nokon gong har vore busett. Øya var likevel busett fram til 1820-åra, siste gong av brørne Tulloch. Dette har òg gjort at ein feilaktig har trudd at øya er kalla opp etter dei.
I 2004 vart det bygt eit fyr på øya.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brother Isle» frå , den 23. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Øyar i Shetlandsøyane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland