Loch Arkaig er ein innsjø i Lochaber i Skottland, vest for Great Glen. Han er om lag 19 km lang og ligg 43 meter over havet. Den største djupna i innsjøen er om lag 91 meter.

Innsjøen får vatn frå Dessarry og Pean, som renn gjennom dalar med same namn. Dei munnar ut i innsjøen heilt i vest ved busetnaden Strathan. Fjella i Lochaber ligg i nord og Forest of Locheil i sør. Innsjøen vert drenert av River Arkaig heilt aust i innsjøen, og denne renn vidare austover til Loch Lochy, gjennom Achnacarry.

Det ligg to små øyar aust i innsjøen. På den største av desse, Eilean Loch Airceig, ligg ruinane av eit kapell og den tidlegare gravstaden til Cameron-klanen. Ein veg frå Great Glen følgjer nordsida av innsjøen til Strathan og frå der stiar vidare til Knoydart, Glenfinnan og Loch Morar.

I 1746 vart det sagt at midlane til jakobittane vart gøymd her, den såkalla Loch Arkaig-skatten.

Som med mange andre skotske innsjøar skal det ein gong ha vore ein kelpie i innsjøen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Loch Arkaig» frå , den 31. mars 2010.

Bakgrunnsstoff Innsjøen på Gazetteer for Scotland

Arkaig, Loch Kategori:Geografi i Highland