Lattermåse (Leucophaeus atricilla) er ein måsefugl. Han er 36–41 m lang og har eit vingespenn på 98–110 cm. Lattermåsen høyrer heime i Nord- og Sør-Amerika, og er ein sjeldan, men likevel regelbunden gjest i Europa.
Arten kan minne om hettemåse, for dei vaksne fuglane har den same mørke hetta i sommardrakt, men ryggen og oversida på vengene er mykje mørkare grå, hetta strekkjer seg lenger ned i nakken, føtene er mørkare og han er større enn hettemåsen.
Arten vart tidlegare kalla Larus atricilla.
mini|venstre|Ein lattermåse Hekking Lattermåsen hekkar i myrområde nær kysten, og ofte i store koloniar. Dei byggjer eit stort reir laga hovudsakleg av gras på bakken. Dei legg 3 eller 4 grønlege egg. Rugetida er omtrent 3 veker.
Kjelder «Lattermåke» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 18. april 2010. «Lattermåke» av Per Ole Syvertsen hjå Store norske leksikon, innhenta 18. april 2010.
Kategori:Måsefamilien