Toccata og fuge i d-moll, BWV 538, er eit orgelstykke av Johann Sebastian Bach. Som den meir kjende BWV 565 har BWV 538 òg tittelen Toccata og fuge i d-moll, men vert ofte omtalt ved kallenamnet Dorisk - ein referanse til at stykket er skriven med eit forteikn (ingen svarte tangentar) som ikkje er vanleg for d-moll-nøkkelen og i staden ser ut til å indikere ein dorisk kyrkjetoneart.
Dei to stykka er ganske musikalsk forskjellige. Som Fantasia og fuge i c-moll, BWV 562, er han nesten monotematisk. Han opnar med ein motorisk, sekstandenote-tema som held fram nesten utan stopp til slutten av stykket og inneheld uvanlege utførlege concertato-effektar. Bach noterte til og med dei manuelle endringane for organisten, noko som var uvanleg i dei dagar, og i tillegg uvanleg for Bach å vere.
Fugen, skriven i eolisk i staden for den doriske tonearten, er lang og kompleks og består av eit heller gammaldags tema. Fugen i BWV 538 er særs lik fugen i BWV 540. Dei inneheld begge eit alla breve-tempo, begge nyttar heilnotar og forkorta halvnotar, med ein rytme som består av konstante åttandedelsnotar, i staden for ein konstant sekstandedelsnote, som ein finn i dei fleste av fugene til Bach. Dei nyttar begge kromatisisme og harmoniske forhaldningar.
Bach komponerte dei fleste av orgelverka sine i Weimar, der han arbeidde mellom 1708 og 1717.
Sjå òg Toccata og fuge
Bakgrunnsstoff
Lyd frå den doriske Toccata og Fuge spelt på eit virtuelt orgel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Toccata and Fugue in D minor, BWV 538» frå , den 23. april 2010.
Kategori:Orgelverk av Johann Sebastian Bach Kategori:Fuger Kategori:Musikk i 1710-åra