Mongolia (khalkhamongolsk Монгол Улс) er eit land i Sentral-Asia med grense til Russland i nord og Kina i sør. Landet var senter for det mongolske riket på tolvhundretalet, men blei styrt av det kinesiske Qingdynastiet frå slutten av sekstenhundretalet fram til det vann sjølvstende, med sovjetisk hjelp, i 1921.

Størstedelen av Mongolia er steppeland, med fjellområde i nord og vest og Gobiørkenen i sør. Dei fleste innbyggjarane er nomadiske tibetan-buddhistar frå den mongolske folkegruppa.

Landet vart tidlegare kalla Ytre Mongolia for å skilje det frå Indre Mongolia, ein provins i Kina.

mini|460px|venstre|Kart over Mongolia

Bakgrunnsstoff Michel Setboum bilete knytte til Mongolia

Kategori:Land i Asia Kategori:Kystlause land