Milivoje Novakovič () er ein slovensk fotballspelar som har spela i angrep for Köln i tysk Bundesliga, og for det slovenske landslaget.
Novakovič har spelt for klubbar i Austerrike og Bulgaria før han kom til Köln. Han var toppskårar i den bulgarske toppdivisjonen med Liteks Lovetsj i 2005/06-sesongen, og toppskårar i 2. bundesliga i Tyskland i 2007/08-sesongen. I 2008/09-sesongen var han Köln sin toppskårar i Bundesliga med 16 seriemål, og i 2009/10-sesongen var han det same, men denne gongen med berre 6 seriemål. Han var toppskårar for det slovenske landslaget under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, med 5 mål.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Slovenske fotballspelarar Kategori:Köln-spelarar