Képler Laveran Lima Ferreira, kjend som Pepe (), er ein brasiliansk-portugisisk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division og for det portugisiske landslaget.
Klubbspel Han er fødd og oppvaksen i Brasil, men flytta til den portugisiske øya Madeira for å spela fotball for klubben Marítimo som 18-åring. I 2004 gjekk han vidare til toppklubben Porto og var med på å vinna den portugisiske serien med klubben i 2005/06 og 2006/07. 16. juli 2007 skreiv han under på ein femårskontrakt for Real Madrid og var med å vinna den spanske serien med dei i 2007/08, den tredje ligameisterskapen hans på rad. I desember 2009 fekk han eit roke korsband i kneet, og skaden var venta å setja han ut av spel i eit halvt år. I 2011/12- og 2016/17-sesongen vart han igjen seriemeister med Real Madrid, og i 2014, 2016 og 2017 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med dei.
Landslagsspel Pepe vart portugisisk statsborgar i august 2007, og 30. august same året vart han kalla inn til ein portugisisk A-landslagstropp for første gong. Han debuterte for Portugal 21. november 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Finland. Han spelte alle Portugal sine kampar under fotball-EM i 2008. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 vart han ofte brukt som defensiv midtbanespelar. Deltakinga hans i fotball-VM vart sett i fare av korsbandskaden hans i desember 2009, men han vart frisk i tide og spelte i to av Portugal sine kampar i meisterskapen. I EM i 2012 spelte han alle Portugal sine fem kampar då dei nådde semifinalen i meisterskapen. I 2016 vart han europameister med Portugal.
Kategori:Portugisiske fotballspelarar Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Marítimo-spelarar Kategori:Porto-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Besiktas-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2021 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2024