Svein Asbjørn Gjelseth () er ein norsk politikar frå Ap. Han blei vald inn på Stortinget for Møre og Romsdal ved stortingsvalet 2009 og er medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.

Svein Gjelseth var første vararepresentant frå 2005 til 2009 og møtte fast for Karita Bekkemellem i hennar statsrådtid (oktober 2005 – oktober 2007). Han var då medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen.

Svein Gjelseth var varaordførar i Herøy 1987–1989, og ordførar 1989–1995 og 1999–2003.

Svein Gjelseth har utdanning som ingeniør/adjunkt, og fagbrev som mekanikar frå 1983. Han har vore fiskar og maskinassistent på fiskebåtar 1967–1970, mekanikar, konstruktør, driftsingeniør ved Smedvik Mek. Verksted 1974–1979, driftsingeniør ved Ulsteingruppen 1979–1983, lærer og hovudlærar ved Herøy vidaregåande skule 1983–1989, konsulent ved Vekst Næringsutvikling AS 1996–1999, og dagleg leiar ved Herøy Næringsforum 2004–2005.

Han har vore leiar i styret for Tussa Kraft AS sidan 2003.

Kjelder Svein Gjelseth hos Stortinget

Kategori:Folk frå Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Ap-ordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Ordførarar i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Ap-politikarar i Møre og Romsdal