Hans Riddervold () var ein lærar, prest, stortingsmann og statsråd.
Riddervold var fødd ved Åsgårdstrand i Vestfold. Far hans var skipsførar, og han var sjølv til sjøs ei kort tid. 1813 vart han student ved universitetet i Kristiania, tok andreeksamen året etter. 1814-17 var han lærar ved katedralskulen i hovudstaden og lærar ved krigsskulen. Han vart cand. theol. i 1819 og fekk stilling som residerande kapellan i Fredrikstad og overlærar ved Fredrikstad høiere almenskole.
Riddervold vart tilsett sokneprest i Fredrikshald i 1832, frå 1838 var han i tillegg prost i nedre Borgesyssel. 1842-43 var han sokneprest i Østre Toten. År 1843 vart han utnemnd til biskop i Trondhjems stift. Han var den fyrste biskopen utnemnd etter at prostane fekk rett å stemme ved biskopsval.
Riddervold var i perioden 1827 til 1842 representant på alle stortingssamlingane. Fram til 1833 representerte han Fredrikstad, 1836-42 Fredrikshald. I 1845 bad han seg fri for val. På Stortinget 1848 var han atter stortingsrepresentant, då for Trondheim og Levanger. Stortingspresident og odelstingspresident i 1830, og formann i komiteen om kjøpstadskatten. Han var president i Stortinget i 1836, 1839, 1842 og 1848. I 1836-stortinget og i det overordentlege storting 1836-37 var han formann i valkomiteen. Også i 1848 var han formann i valkomiteen, samt formann i protokollkomiteen.
19. april 1848 gjekk Riddervold ut av Stortinget då han vart statsråd og sjef i Kyrkjedepartementet. Han leia dette departementet heilt fram til 1. juli 1872, bortsett frå to avbrot, 1849-50 og 1854-55.
Riddervolds politiske og geistlege arbeid var prega av det konservative livssynet hans, men han var ingen motstandar av forsiktige reformer. Skulepolitisk var han ein føregangsmann med sterke ynskje om å heve skulens nytte.
Riddervold vart tildelt Storkors av St. Olavs Orden i 1859 og Borgardådsmedaljen i gull i 1869.
Riddervolds plass i Oslo er kalla opp etter han.
Bakgrunnsstoff
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar for Fredrikshald Kategori:Stortingsrepresentantar for Fredrikstad Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Horten Kategori:Biskopar i den norske kyrkja Kategori:Medaljen for borgardåd Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund