Loch an Eilein er ein liten innsjø ved Rothiemurchus om lag 5 km sør for Aviemore i Skottland. Namnet Loch an Eilein kjem frå det gæliske «øy-innsjøen».
Seint på 1700-talet og tidleg på 1800-talet vart innsjøen hovudsakleg nytta til to ting. Ved breidda av innsjøen låg det ein kalksteinsomn der kalkstein vart henta frå ei fjellside oppfor innsjøen. I tillegg nytta tømmerhoggarar elva ved innsjøen til å fløyte tømmer til sagbruk lenger nede i elva. Rob Roy og andre kvegtjuvar nytta innsjøen, og eine sida av innsjøen heiter 'Robbers Way'. Det ligg berre tre hus ved breidda av vatnet i dag og desse vert no nytta av skogsvesenet.
Midt i innsjøen står ruinane av ei borg. Borga høyrte ein gong til Wolf of Badenoch som døydde kring starten på 1400-talet. Jakobittane, som trekte seg attende frå Cromdale i 1690, omleira borga. På denne tida var borga knytt til land via ei vegfylling. Vegfyllinga forsvann då vassnivået i innsjøen vart heva på 1700-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Loch an Eilein» frå , den 17. mai 2010.
Kategori:Innsjøar i Skottland