Lee Chung-Yong, med revidert transkripsjon I Cheong-yong () er ein sørkoreansk fotballspelar som har spela for Bolton Wanderers i engelsk Premier League, og for det sørkoreanske landslaget. Han gjekk til Bolton frå FC Seoul for 2,2 millionar britiske pund sommaren 2009. Han debuterte for Sør-Korea sitt landslag 31. mai 2008 i ein VM-kvalifiseringskamp borte mot Jordan. Han skåra det første landslagsmålet sitt heime mot Jordan 5. september 2008.

Kategori:Sørkoreanske fotballspelarar Kategori:Bolton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014