Christian Hersleb Horneman () var ein norsk jurist, eidsvollsmannn og stortingsmann frå Trondheim.

Liv og virke Horneman var fødd i Trondheim. Han gjekk på katedralskulen i heimbyen, der han vart student i 1798. Tre år seinare vart han cand. jur. i København. Deretter var han auditør ved kongens regiment i Helsingør, og garnisonsauditør på Kronborg slott. 1806 vart han auditør ved 2. jydske infanteriregiment. Frå 1810 var han byfut og byskrivar i Kragerø.

I 1815 slo Horneman seg ned i fødebyen som assessor ved stiftsoverretten. Her praktiserte han dei neste førti åra. Formann i representantskapen i Noregs Bank, medlem av styret i same banken 1832-48, preses i kongelige Videnskabers Selskab 1833-38, var mellom dei verva han hadde i denne perioden.

På riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 var Horneman utsending frå Kragerø. Han slutta seg der til sjølvstendepartiet.

Horneman var stortingsrepresentant for Trondheim i 1824, 1827, på Det overordentlege stortinget 1828, i 1830, 1836, på Overordentleg storting 1836-37 og i 1839. I 1824 var han sekretær i konstitusjonskomiteen og medlem av Lagtinget. Gjennom posisjonen i konstitusjonskomiteen fekk han stor innverknad i handsaminga av grunnlovsforslaga. Han var av dei som sterkast slo ring om grunnlova, noko som og gjaldt på seinare storting.

Også i 1827 var Horneman medlem av i Lagtinget, i tillegg var han formann i komiteen om brennevinsbrenning, samt sekretær i både fullmaktskomiteen, konstitusjonskomiteen og traktatkomiteen. I 1828 var han sekretær i fullmaktskomiteen og revisjonskomiteen. Han var i 1830 formann i protokollkomiteen. I 1836 og 1836-37, då han møtte som varamann, var han medlem av protokollkomiteen. Atter medlem av Lagtinget i 1839, og formann i gasje- og pensjonskomiteen.

Horneman vart vald til stortinga i 1833 og 1845. Ved det fyrste høvet sa han frå seg valet, siste gongen hadde han sjukdomsforfall.

Horneman døydde i Trondheim i 1860, og vart gravlagd på kyrkjegarden ved domkyrkja.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Trondheim