Emile William Ivanhoe Heskey () er ein engelsk fotballspelar. Han har spela for Aston Villa i engelsk Premier League, og for det engelske landslaget. Han var med på å vinna UEFA-cupen med Liverpool i 2001. I 2004/05-sesongen var han Birmingham City sin toppskårar i Premier League, med 11 seriemål, og i 2006/07-sesongen var han det same for Wigan Athletic med 9 seriemål. Han debuterte for England sitt A-landslag 28. april 1999 i ein vennskapskamp borte mot Ungarn og fekk sin landskamp nummer 50 for England 15. oktober 2008 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Kviterussland.
Merittar Vinnar av UEFA-cupen: 2001 med Liverpool FC Vinnar av FA-cupen: 2001 med Liverpool FC Vinnar av den engelske ligacupen: 1997 og 2000 med Leicester City Vinnar av den engelske ligacupen: 2001, 2003 med Liverpool FC Finalist i den engelske ligacupen: 1999 med Leicester City
Kjelder eu-football
Denne artikkelen bygger på «Emile Heskey» frå , den 3. juli 2024.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Leicester-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Birmingham-spelarar Kategori:Wigan-spelarar Kategori:Aston Villa-spelarar