Frederik Waldemar Nikolai Beichmann () var ein norsk offiser og stortingsmann.

Beichmann var fødd i Stange, far hans var offiser. Sjølv vart han fenrik ved det norske jegerkorps i 1801, sekondløytnant i 1803. År 1806 vart han premierløytnant i 1. akershusiske brigade. Fem år seinare, 1811, vart han kaptein i bergenske skarpskytterbataljon. I 1829 utnemnd til sjef for bergenske gevorbne musketerkorpps. Etter fem år vart han sjef for eit anna musketerkorps, namnleg sunnhordlandske musketerkorps. Han budde då i Kvinnherad, men flytta til Kristiansand då han i 1841 tok leiinga i musketerkorpset der. Oberst og sjef for kristiansandske brigade i 1843, fekk tittel av generalmajor i 1850.

Beichmann var stortingsmann for Søndre Bergenhus amt i 1836 og på overordentleg storting 1836-37. Han var medlem av Lagtinget, militærkomiteen og av riksretten mot Severin Løvenskiold.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Stange