mini|Bautaen eller gravminne over Gullik Madsen Røed på kyrkjegarden ved Sande kyrkje i Vestfold. Den vart reist 17. mai 1905. På bautaen står fødeåret 1785, men litteraturen seier 1786. Gullik Madssen Rød () var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann.
Rød var fødd i Botne, der faren var gardbrukar. Kring 1812 tok han over garden Bø i Sande i Vestfold etter svigerfaren sin. Han var elles kommandersersjant i sandeske kompani av telemarkske regiment.
I 1814 var Rød utsending frå telemarkske regiment til riksforsamlinga på Eidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. Han «beundret Christian August og saa i Christian Fredrik samlingstegnet for vor nationale selvstændighet.»Lindstøl:738 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte den nyvalde kongen, Kristian Fredrik.
Rød vart vald til å representere Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget i 1836. Han møtte også på det overordentlege Stortinget 1836-37. Mellom anna var han medlem av militærkomiteen.
Rød dreiv garden sin i Sande i lang tid. I alle år var han ein mykje nytta rådgjevar, var både prestens medhjelpar og forlikskommissær. Han døydde i Sande i 1857.
Fotnotar
Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Holmestrand