741 (romartal DCCXLI) var eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet 18. juni: Leo III av Austromarriket døydde etter 24 år ved makta. Sonen Konstantin V etterfølgde han som keisar. 22. oktober: Karl Martell, rikshovmeister og i røynda herskar av dei tre frankiske kongedøma, døydde i Quirzy-sur-Oise. Territoria hans blei delt mellom sønene Karloman og Pipin den yngre. 28. november: Pave Gregorius III døydde i Roma etter ti år som pave. Han blei etterfølgd av Zacharias. Pipin den yngre gifta seg med Bertrada av Laon.
Fødde Amalberga frå Temse, lotharingisk adelskvinne og helgen
Døde 18. juni: Leo III av Austromarriket 22. oktober: Karl Martell, frankisk herskar 28. november: Pave Gregorius III