Abraham Borch () var ein norsk prest, stortingsmann og ordførar.
Borch var fødd i Jevnaker, der far hans var gardbrukar. Sjølv vart han student frå Kristiania katedralskule i 1804 og cand. theol. i 1809. 1810-11 var han lærar ved landkadettakademiet, og deretter kapellan i Aker. År 1818 vart han residerande kapellan i Eiker, til sist sokneprest i Kongsberg frå 1825. Frå 1827 også prost. Borch var mange år med i forlikskommisjonen på Kongsberg, og ei tid ordførar.
I 1830 representerte han Kongsberg på Stortinget. Han var formann i trykkingskomiteen, medlem av desisjonskomiteen og komiteen om kjøpstadskatten.
Borch døydde på Kongsberg i 1847.
Dottera Johanne var gift med Michael Breien.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Ordførarar i Kongsberg Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Jevnaker