Bruno Eduardo Regufe Alves () er ein portugisisk fotballspelar som har spela i forsvar for det portugisiske landslaget og Fenerbahçe i den tyrkiske fotballigaen. Han vart kåra til årets spelar i Portugal i 2009. Han har vore med på å vinna den portugisiske ligaen fire år på rad med Porto, frå 2006 til 2009. Han gjekk til Zenit St. Petersburg i august 2010 og var med på å vinna seriemeisterskapet i Russland med dei same hausten, og igjen i 2011/12-sesongen. I 2014 vart han seriemeister i Tyrkia med Fenerbahçe.

Kategori:Portugisiske fotballspelarar Kategori:Porto-spelarar Kategori:Farense-spelarar Kategori:Vitória de Guimarães-spelarar Kategori:AEK-spelarar Kategori:Zenit St. Petersburg-spelarar Kategori:Fenerbahçe-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016