Nicolai Henrik Knudtzon () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Kristiansund. Nicolai Knudtzon var far hans.

Knudtzon utdannna seg til forretningsmann gjennom eit lengre utanlandsopphald. Etter faren døydde i 1837, styrte han familiefirmaet i fire år, før han overtok det i 1841. Firmaet dreiv i hovudsak med tilverking og utførsel av klippfisk, eit felt der Knudtzon vart leiande og bygde opp ei stor forretning. Gjennom sin posisjon som Kristiansunds største forretningsmann, fekk han mange verv og ombod. Han var medlem av formannskapet i mange år, sameleis styreleiar i sparebanken og i over 50 år formann i handelsforeininga.

Knudtzon representerte Kristiansund på Stortinget i 1862-63 og på overordentleg storting 1864. Han var medlem av tollkomiteen i 1862-63 og komiteen om Scheldetollen i 1864.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kristiansund Kategori:Ordførarar i Kristiansund Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Norske handelsfolk Kategori:Konsular Kategori:Folk frå Kristiansund