CCB AS, tidlegare Coast Center Base AS, er ein forsyningsbase for oljeindustrien på Ågotnes i Øygarden kommune. CCB vart etablert i 1973 og har spesialisert seg på service- og forsyningstenester, teknisk vedlikehald og hamnedrift. Basen har ei samla flatevidd på 600 mål.
CCB er hovudbase for forsyningsaktivitetane til petroleumsfelta i Tampen-området i Nordsjøen. Desse er Statfjord, Gullfaks, Veslefrikk, Troll, Huldra og Kvitebjørn.
Administrerande direktør i CCB er Jan-Dagfinn Lund. Det er heileigd av CCB Holding AS.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øygarden kommune Kategori:Petroleumsverksemd i Noreg Kategori:Næringsliv i Vestland