Viking Mestad () var ein norsk bankmann, jurist, politikar (V) og teatermann.
Mestad var statssekretær i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet i regjeringa Korvald frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973.Statssekretærar på Regjeringen.no, innhenta 19. juli 2010.
Han var også kommunestyrerepresentant i Oslo tidleg på 1970-talet.VG: «Oslo bystyre» 27, april 1971
Mestad er cand.jur. med embetseksamen frå Universitetet i Oslo i 1955, og vart tilsett ved Noregs Bank i 1962. I 1986 fekk han stillinga som direktør for Hovedstyresekritariatet.Aftenposten: «Eksportutsending Petter Johansen» 21. april 1986 Han slutta i banken i 1995.
Frå 1977 til 1997 var han styreformann ved Det Norske Teatret. Han var etterfølgd av Berge Furre. To månader etter at han gjekk av som styreformann vart han utnemnd som heidersmedlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk teater- og orkesterforening. Han mottok også Heddaprisen.
Mestad var fyrste styreformannen for Nynorsk Pressekontor.
Han er far til skodespelaren Henrik Mestad.
Referansar Denne artikkelen byggjer på ei omsetjinga av «Viking Mestad» henta frå Wikipedia på engelsk 18. januar 2011. Der var desse referansane oppgjevne:
Kategori:Norske bankdirektørar Kategori:Norske teatermenn Kategori:Folk frå Voss Kategori:Norske juristar Kategori:Statssekretærar frå Venstre