Joseph Heller () var ein amerikansk forfattar.
Det mest kjende verket hans er den satiriske romanen Catch-22 om amerikanske pilotar under andre verdskrig. Tittelen har vorte eit ståande omgrep i det engelske språket, der det handlar ein livssituasjon som tilsynelatande berre gjev ei valmoglegheit, men som får eit uheldig utfall uansett kva ein vel å gjera.
Heller blir rekna som ein av dei leiande amerikanske litterære satirikarane i etterkrigstida, men verka hans gjev òg djupare innblikk i den amerikanske mellomklassen, gjerne med utgangspunkt i liberale jødiske miljø.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå New York City Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet