Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Agder med . Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Agder fylkeskommune.

Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.

I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.

I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.

Historie Byen vart grunnlagd av og kalla opp etter den dansk-norske kongen Christian IV i 1641. Sidan byen vart bygd på ein sandbanke, fekk han namnet Christianssand. I 1682 flytta kongen bispesetet hit frå Stavanger og kalla bispedømet for Kristiansand stift.

Den eldste delen av byen er kalla Kvadraturen og har hatt same dei gatelinjene fram til i dag, sjølv etter brann. Den siste store bybrannen skjedde i 1892 og mange trehus brann ned. Den øydelagde delen av byen vart reist opp att i mur.

Busetnaden som har vakse ut over bykjernen består i hovudsak av bustadområde. Vest for sentrum er Tinnheia og Hellemyr, og i aust er områda Gimlekollen, Lund, Kongsgård, Randesund og Tveit. I sørvest er bydelane Flekkerøy, Vågsbygd og Slettheia.

Samferdsel Kristiansand er eit regionalt knutepunkt for transport og kommunikasjon, med samband både innan- og utanlands. Byen er norsk ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 gjennom Setesdal. Byen har jernbanesamband til Stavanger og Oslo via Sørlandsbanen. Kristiansand Havn er ei av Noregs største hamner og har hurtigbåt- og ferjesamband til Hirtshals. Kristiansand lufthamn, Kjevik ligg 16 kilometer nordaust for byen og har direkte samband med Oslo, Stavanger, Bergen, København, London, Aberdeen og Amsterdam.

Vennskapsbyar I Norden Trollhättan, Sverige Hjørring, Danmark Kerava, Finland Reykjanæsbær, Island I andre land Münster, Tyskland Orleans, Frankrike Gdynia, Polen Letchworth, England Walvis Bay, Namibia Rajshahi, Bangladesh

Sjå òg Kristiansand kommune Tettstader i Agder

Kjelder

Bakgrunnsstoff Visit Kristiansand www.kristiansand.no - Kristiansandsportalen www.kristiansand.kommune.no - Nettsidene til Kristiansand kommune

Kategori:Busetnader i Kristiansand Kategori:Byar i Agder Kategori:Tettstader i Agder Kategori:Kommunesenter i Agder