Aagot Noss ()Aftenposten, papirutgåva 9. april 2015, nekrolog side 46 var ein norsk tradisjonsforskar og museumskonservator.
Aagot Noss byrja i 1956 å arbeide ved drakt- og tekstilavdelinga på Norsk Folkemuseum, og byrja då å kartleggje fakta om norske drakttradisjonar. Dette førte til ein god del reising landet rundt for å hente inn informasjon frå folk som var kjende med eldre klestradisjonar. Ho var ei tid i Valle og Bykle i Setesdal for å dokumentere ein klestradisjon som hadde vore ubroten frå mellomalderen fram til moderne tid. Frå 1972 arbeidde Aagot Noss som førstekonservator i Norsk Folkemuseum. Ho gjekk av med pensjon i 1994.
Bibliografi Aagot Noss har gjennom alle åra ho har vore knytt til Norsk Folkemuseum skrive fleire artiklar i årboka til institusjonen, By og Bygd. Nokre av desse har sidan vorte trykt opp som særtrykk. Dessutan har ho skrive eller vore med på å skrive ei rekkje utstillingskatalogar. Ho står òg bak fleire filmar som Norsk Folkemuseum har produsert.
2008 Stakkeklede i Setesdal - Byklaren og valldølen ISBN 978-82-7099-477-9 2005 Jølster og den gamle klesskikken ISBN 978-82-7099-420-5 2004 Nordmandsdalen og draktene i Norgesbilleder - dansk-norske forbindelser 1700-1905 ISBN 87-12-04117-3 2003 Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark ISBN 82-7099-367-0 2002 Sigdal museum - folkedrakter i malerkunsten - 26. mai-15. september ISBN 82-996290-0-4 1999 Klesskikk i Tinn i Telemark - frå tinndølklede til tinnbunad : kvinneklede ISBN 82-7099-313-1 1996 Krone og skaut : jente-, brure- og konehovudbunader i Hordaland ISBN 82-03-22154-8 1994 Folk og klede - skikk og bruk - festskrift til Aagot Noss ISBN 82-90036-47-7 1992 Nærbilete av ein draktskikk : frå dåsaklede til bunad ISBN 82-00-21543-1 1991 Sylvsmeden Eivind G. Tveiten ISBN 82-90036-33-7 1991 Lad og krone - frå jente til brur ISBN 82-00-21354-4 1990 Norwegian immigrant clothing and textiles 1986 Folkedrakter i Noreg i andre halvdel av det 19. hundreåret - frå norske folkedrakter til amerikanske klede ISBN 82-90036-24-8 1981 Adolph Tidemand og folk han møtte - studiar frå reisene i norske dalføre - akvareller, målarstykke og teikningar 1979 Laging av kvinne- og mannsbunader i Setesdal ISBN 82-90036-14-0 1977 Eit mellomalderplagg i levande tradisjon ISBN 82-90036-08-6 1976 Bandlaging ISBN 82-90036-02-7 1974 Draktfunn og drakttradisjon i det vestnordiske området frå vikingtid til høgmellomalderen 1973 Joachim Frichs draktakvarellar ISBN 82-521-0193-3 1970 Johannes Flintoes draktakvarellar 1963 Høgtider og samkomer
Prisar Aagot Noss har motteke fleire prisar for det omfattande arbeidet sitt, mellom anna Kongens fortenestemedalje i gull i 1994. Ho vart i 2002 utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. 1986 «Kungliga Gustav Adolfs Akademiens pris» for grundläggande forskningar rörande folkdräktens historia i Norge. 1994 Kongens fortenestmedalje i gull 1994 Buskerud fylkes kulturpris 2002 Riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske Sankt Olavs Orden 2005 Æresmedlem av Norsk Folkemuseum 2009 Sørlandets Kompetansefonds populærvitenskapelige pris for boka Stakkekelde i Setesdal - Byklaren og valldølen.Prisen var på 20.000 kroner og eit kunstfotografi av Olav Breen.
Kjelder
«Aagot Noss» i Allkunne, innhenta 9. august 2010.
Kategori:Norske etnologar Kategori:Norske museumsfolk Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Ål