Christian August Selmer () var ein norsk statsminister, jurist og konservativ politikar.

Selmer var fødd i Fredrikshald, der faren var kjøpmann. Han vart student i 1837 og cand. jur. i 1842. Deretter var han sorenskrivarfullmektig fram til 1846, før han i to år var kopist i dels finans-, dels justisdepartementet. Han var sakførarfullmektig frå 1848, underrettssakførar i Drammen frå 1850. Frå 1862 vart han byfut same staden.

1871-74 var Selmer 2. representant frå Drammen på Stortinget. Han var medlem av justiskomite nr 1, formann i komiteen 1874. Sommaren 1874 gjekk inn i statsrådet. Han var fyrst justisminister, seinare indreminister fram til 1880.

Hausten 1880 danna Selmer eit nytt ministerium. Under den politiske striden om statsrådars tilgang til Stortinget vart Selmer-ministeriet sett under riksrettstiltale. 27. februar 1884 dømde riksretten Selmer til å ha sitt «embete forbrutt», fyrst og fremst for å ha frårådd sanksjon i statsrådssaka. 11. mars gjekk Selmer av. Deretter vart Selmer frådømt embetet sitt. 8. april same året vart han konstituert generalauditør for hær og marine.

Selmer døydde på Bygdøy i Kristiania i 1889.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske statsministrar Kategori:Norske revisjonsministrar Kategori:Norske innanriksministrar Kategori:Norske justisministrar Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Serafimerordenen Kategori:Folk frå Halden Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund