Fuglekongar er ei lita gruppe av fuglar i ei biologisk slekt Regulus som òg har status som ein familie Regulidae. Det vitskaplege namnet Regulidae er avleidd av det latinske ordet 'regulus' for 'liten konge' eller 'prins', og kjem frå den farga krona på vaksne fuglar. Denne familien har representantar i Nord-Amerika og Eurasia. Det er seks artar av fuglekongar der arten fuglekonge er einaste med utbreiing i Noreg.
Namnet Det latinske namnet Regulus er forbunde med ein fabel som fortel om valet av «kongen av alle fuglar». Fuglen som kunne flyge den lengste distansen ville bli ropt ut til konge. Ørna konkurrerte ut alle andre fuglar, men vart likevel slått av ein liten fugl som hadde gøymt seg i fjørdrakta hennar. Denne legenda er allereie kjent frå Aristoteles (Hist. Animalium 9,11) og Plinius (Naturalis hist. 10,74). På grunn av legenda sin referanse til «den minste av alle fuglar vart konge», har tittelen òg vore overført til gjerdesmett på nokre språk.Suolahti, Viktor Hugo, Die deutschen Vogelnamen : eine wortgeschichtliche Untersuchung, Strassbourg (1909), 80-85.
Skildring Fuglekongar varierer i storleik frå 9 til 11 cm, og er blant dei minste innanfor ordenen sporvefuglar, og faktisk av alle fuglar. Dei har mellomstore venger og stjert, og stjerten er rissa på tuppen. Nebbet er lite og nålforma. Fjørdrakta er generelt grågrøn. Dei fleste har ein augering eller ei stripe på supercilium, sjølv om den litt atypiske rubinfuglekonge manglar denne. Hannane ber ein fargerik kroneflekk.
Generelt er fuglekongar er tilpassa liv i barskog, sjølv om dei har ei viss tilpassingsevne. Dei fleste artane vil bruke andre naturtypar, særleg under trekket. Dei har distribusjon frå nordlege boreale skogar, òg strekkjer seg så langt sør som til subtropiske strøk på somme stader. Ei rekkje isolerte bestandar har utvikla seg til ulike artar og underarter.
Den vesle storleiken og rask metabolisme hos fuglekongar tyder at dei må kontinuerleg tilgang på føde for å dekkje trongen til energi. Dei vil halde fram med å ete sjølv etter dei har starta reirbygging. Fuglekongar er insektetarar, fortrinnsvis tar dei insekt som bladlus og spretthalar med mjukt skal. Bytte blir generelt sanka frå greiner og blad av tre, men i einskilde tilfelle kan byttedyr takast i lufta eller frå nedfallsblad på bakken.
Reiret er lite, mykje pent koppforma, nesten sfærisk, bygd av mose og lav blir heldt saman av edderkoppnett og hengd frå ein kvist nær enden av ei høg grein av eit nåletre. Det er fôra med hår og fjører, og nokre fjører er plassert over opninga. Desse eigenskapane gjev egg og ungar god isolasjon mot kulde. Hoa legg 7-12 egg, som er kvit eller bleikt gulbrunt, nokre har fine mørke brune flekker. Fordi reiret er lite, blir egga stabla i lag. Hofuglen rugar, ho pressar beina ned blant egga, dei er godt utstyrt med blodårer, og dermed varme. Egga blir klekt etter 15 til 17 dagar. Etter at ein unge har fått sin matbit, vil han kome seg ned til varmen i botnen av reiret og skyv sine enno svoltne sysken opp for å bli mata i deira tur. Ungane held seg i reiret i 19 til 24 dagar.
Artsoversyn Medlemmer av Regulus i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Norsk artsnamn og vitskapleg namnBileteKort skildringUtbreiingMadeirafuglekonge Regulus madeirensisSamanlikna med raudtoppfuglekonge har denne arten lengre nebb og bein, kortare kvit augebrynstripe, meir svart på vengene og eit djupare gyllenbronsefarga skulderfelt. Issekammen hos hannen er meir dempa oransje.MadeiraRaudtoppfuglekonge Regulus ignicapillaKlårt olivengrøn overside med bronsefarga skulderfelt og kvitaktig underside med brungrått på bryst og sider. Hovudet har ei svart augestripe, ei lang kvit augebrynstripe og ein issekam som er sterkt gul hos hoa og hovudsakleg oransje hos hannen.Vest-Europa, Sør-Europa og Nord-AfrikaEldkronefuglekonge Regulus satrapaOlivengrå overside og kvit underside. Arten har kvite vengestriper, ei svart stripe gjennom auga og ein gul isse omgjeven av svart. Vaksne hannar har ein oransje flekk midt i den gule issen.Nord-AmerikaPrydfuglekonge Regulus goodfellowiOversida er grøn, overgump og kroppssider gule, medan undersida er lyst gulbrun. Arten har ei kvit vengestripe. Issen har svarte striper og ein issekam som er oransjegul hos hannen og gul hos hoa. Kvitt rundt auget og ei kvit augebrynstripe. Strupe og halssider er grå.TaiwanFuglekonge Regulus regulusOlivengrøn overside, gulkvit underside og eit einsfarga andlet med tydelege svarte auge. Issen har svarte sider og ein smal svart framkant, samt ein sterk gul issekam med oransje midtfelt hos hannen, medan hoa har ein heilt gul issekam.Store delar av Europa og Asia
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kinglet» frå , den 14. august 2010 og 18. oktober 2026. Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar av fuglekongar hos Internet Bird Collection
Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fugleslekter