Huang Xian-fan () var ein kinesisk historikar, etnolog og professor. Han var internasjonalt kjend som kulturhistorikaren til zhuangfolket.Internasjonalt kjend Zhuangs kulturhistorikar: Huang Xianfan, Nanning Daily, 20. oktober 2008.

Utdanning Huang Xian-fan var fødd i bygda Qusi i Fusui fylke. Han tok eksamen ved Fusui skole i 1921. Examen artium tok han som privatist ved Guangxi Nannings lærarskole i 1922, og han nytta dei fire åra her flittig ved å studere historie, geografi og engelsk. Han tok eksamen ved Nannings lærarskole i 1926. Han fortsette desse studia ved Læraruniversitetet i Beijing der han var frå 1926 til 1935, og i dei ni åra her studerte han historie, slektsforsking, engelsk, japansk, folklore, arkeologi, sosiologi, filosofi, psykologi og gammal skrift. Han fullførte trebandsverket 'Kinesisk generell historie' i 1934, og tok embetseksamen i historie i 1935. Seinare studerte han arkeologi, japansk historie og kultur ved Universitetet i Tokyo i to år.

Virke I 1937 drog Huang Xian-fan tilbake til Kina. Han var lærar ved Nanning private middelskule 1937-1938. I 1938 vart han tilsett som universitetslektor i historie og geografi ved Universitetet i Guangxi, og amanuensis i historie same stad 1940–1941. Han var professor i historie ved Sun Yat-sen Universitetet i Guangdong mellom 1941 og 1942. Han var den første zhuang-professoren i kinesisk historieFirst University Professor of Zhuang Nationality:Huang Xianfan. Nanning:Guangxi ethnic newspaper, No.381, December 31, 1999. Han var professor i historie ved lærarkollegiet i Guilin mellom 1942 og 1943, og professor i historie ved Universitetet i Guangxi (1943-1953). Frå 1954 til 1982 var han professor i historie ved Lærarskulen i Guangxi. Huang Xianfan døydde 18. januar 1982 i Guilin i Guangxi. www.china.com.cn/中国网 :kinesisk etnolog:Huang Xian-fan

Frå 1934-talet og framover har gav han ut ei rekkje verk og artiklar om kinesisk historie, folklore, etnologi, antropologi og minoritets- og etnisitet-historie. I Kina er han mest kjend for bøker om Zhuangs historieEngelsk Wikipedia: General History of the Zhuang og Nong Zhi Gao. Mange av bøkene hans, til dømes Zhuangs historie, har skapt debatt.

Utgjevingar (utval) Kinesisk generell historie (tre volumer), Beijing 1932-1934. Zhuangs historie, Nanning 1957,1988, ISBN 7-5363-0422-6/K-13.Zhuangs historie Nong Zhi Gao, Nanning 1983,

Referansar

Kjelder Chen Jisheng: Bagui-skole, Guangxi samfunnsfag, volum 7-11, 2008,ISSN 1004-6917. Mo Jun: Zhuangs professor - Huang Xian-fan, Guangxi Daglig, 9. mars 2002.

Bakgrunnsstoff

(Engelsk): Huang Xian-fan ISBN 978-1156237298 (Engelsk): Huang-skole (Kinesisk): www.people.com.cn/人民网>>中国政府新闻>>政府专题>>2008年人类学民族学世界大会>>人类学资料库 Wikipedia på bokmål og riksmål: Zhuang (folk) og Zhuang (språk)

Kategori:Kinesiske historikarar Kategori:Zhuangfolk