Marguerite Yourcenar, eigentleg Marguerite Antoinette Jeanne Marie Ghislaine Cleenewerck de Crayencour () var ein fransk forfattar. Ho var fødd i Belgia, men busette seg i USA. Ho vart den første kvinna som vart vald inn i L'Académie Française i 1980.
Yourcenar skreiv romanar, noveller, dramatikk, essay, litteraturkritikk og sjølvbiografi, i tillegg til omsetjingar og gjendiktingar. Ho er best kjent for historiske romanar, som Mémoires d'Hadrien (1951; norsk Hadrians memoarer, 1953) om den romerske keisaren Hadrian og L'Œuvre au noir (1968; norsk Det svarte verk, 1969) med handling frå renessansen. Yourcenar var oppteken av gresk filosofi, og omsette gresk lyrikk. Ho tok også opp tema som religion, homoseksualitet og historia til sin eigen familie i trilogien Le Labyrinthe du monde.
Kjelder
Winther, Truls Olav. (2009, 15. februar). Marguerite Yourcenar i Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Marguerite Yourcenar hjå Nasjonalbiblioteket
Kategori:Folk frå Brussel Kategori:Franske forfattarar