Grindheim stavkyrkje var ei stavkyrkje i Etne i Hardanger, som vart riven rundt 1725.
Historie Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Eit kyrkjesokn i Grindheim er første gong nemnd i 1326."...j Grindhæims kirkiu sokn". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 480. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum I, 186 Kyrkja er nemnd for siste gong i 1722. Soknet fekk ny tømmerkyrkje i 1728, så stavkyrkja må vera riven mellom 1722 og 1728.Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 480
Utsjånad I rapporten frå 1722 står det at kyrkja hadde "stopul frå grunnen". Breidda på skipet viser at kyrkja må ha vore treskipa. Kyrkja var i 1722 bordkledd. Storleiken på skipet var 44 fot gonger 28 fot (14 m x 9 m) og koret 16 fot gonger 16 fot (5 m x 5 m).
Fotnotar
Kjelder Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kyrkjer i Etne Kategori:Kulturminne i Etne Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg