Axel Andreas Thallaug () var ein norsk jurist og Høgre-politikar frå Lillehammer. Far hans var kjøpmann og brukseigar.
Thallaug vart student frå Lillehammer skole i 1884 og cand. jur. i 1889. Han var i 1890 fullmektig hos byfuten i Hamar og 1890-91 hos sorenskrivaren i Nord-Gudbrandsdal og 1891-94 hos sorenskrivaren i Sør-Gudbrandsdal. Frå 1894 var han overrettssakførar i Lillehammer.
Thallaug var medlem av bystyret i Lillehammer frå 1894, ordførar 1896-97, 1903-04 og 1912-22. Han var styreformann i Lillehammer bryggeri og brenneri, samt nestformann i De Sandvigske Samlinger. Elles var han oppteken av fredssaka, deltok i Paris-delegasjonen i 1904 og på fleire interparlamentariske konferansar i utlandet i åra før 1914.
Frå 1903 til 1918 var Thallaug stortingsrepresentant for Høgre. Han representerte den fyrste valperioden byane Hamar, Lillehammer og Gjøvik, ved seinare val representerte han i tillegg til dei tre mjøsbyane også Kongsvinger. Han var medlem av protokollkomiteen 1903-06, formann i 1906. Frå 1906 var han jamt medlem av Lagtinget, visepresident 1910-12. Elles stadig medlem av konstitusjonskomiteen frå 1906, nestformann frå 1909. I 1907 var han medlem av komiteen om reguleringa av Mjøsa, 1910-15 av valkomiteen. År 1906 var han medlem av Stortinget sin deputasjon ved kryninga av den nye kongen i Trondheim. I 1914 var han formann i Stortinget sin jubileumskomite i høve 100-årsfeiringa av den norske grunnlova.
Medlem av Nobelkomiteen frå mars 1931 til desember 1933.
Thallaug vart tildelt 7. juni-medaljen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Lillehammer Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen