Henning Warloe () er ein norsk politikar frå Høgre og frå 14. august 2014 byråd for byutvikling, klima og miljø i byrådet i Bergen. Han er fødd og oppvaksen i Bergen. Warloe er utdanna befal. Han er også utdanna ved Norges Handelshøyskole. Utanfor politikken har Henning Warloe vore dagleg leiar for eit eige firma, og var ein av stiftarane av Ferieklubben i Bergen. I stortingsperioden 2009-2013 representerte Warloe Hordaland på Stortinget.
I valperioden 2003–2007 var Warloe byråd for finans, kultur og næring i Bergen kommune. Frå 2007 var han byråd for kultur, idrett og næring, i tillegg at han sidan utreiinga til Framstegspartiet frå byrådssamarbeidet våren 2009 også har fungert som byråd for finans, konkurranse og utvikling fram til han måtte trekkje seg for å tiltre på Stortinget. I perioden 2. juni 2006–31. januar 2007 fungerte Warloe som byrådsleiar då Monica Mæland hadde barselpermisjon. Han var nestleiar i Hordaland Høgre frå 2007 til mars 2012.
Ein av hobbyane til Henning Warloes er trylling, og i 2008 vart han vald til president i Magiske Cirkel Norge, ein landsomfattande samskipnad for tryllekunstnarar.
I 2013 vart Warloe dømd til bot og 18 dagar fengsel på vilkår for kjøp og bruk av narkotika.Warloe dømt til 18 dagers betinget fengsel og bot Før dette hadde han trekt seg frå partiverva sine.
Stortingskomitear 2009–2013 medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Kjelder
Bakgrunnsstoff Henning Warloe hos Stortinget Henning Warloe hos Hordaland Høgre.
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Folk frå Bergen