Zosterops er ei biologisk slekt av fuglar som inneheld dei typiske brillefuglane. Dei er tradisjonelt plassert i familien Zosteropidae.

Zosterops er den største slekta av brillefuglar med 88 artar. Dei finst i tropiske økologiske regionar i Afrika, det indomalayiske økosystemet, og i Australasia. Typiske brillefuglar har ei lengd på mellom 8 og 15 cm. Deira mest karakteristiske trekk er påfallande kvite fjører i ein ring rundt auga, men somme artar manglar ringen. Artane i denne slekta varierer i strukturelle tilpassingar i tunga.

Artslista Zosterops-artar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zosterops» frå , den 12. august 2010

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar av Zosterops hos Internet Bird Collection

Kategori:Brillefuglfamilien Kategori:Fuglar i den australske regionen Kategori:Fuglar i den orientalske regionen Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fugleslekter