Innfjorden bedehuskapell ligg i Innfjorden i Rauma kommune. Kapellet vart vigsla i 1976. Kapellet er eigd av bygda og blir leigd ut til kommunen for kyrkjelege handlingar.
Innfjorden sokna tidlegare til Voll sokn, i nabobygda Måndalen (Voll kyrkje). Kapellet er bygd av innfjordingane, fordi dei ønskte å ha et kyrkjeleg bygg og gudstenester i si eiga bygd. Tidlegare vart eit bedhuskapell, frå 1897, nytta. Dette stod på Bø og her var det ni gudstenester kvart år.
Ein Bibel frå 1600-talet ligg på alteret.
Kjelder Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210
Kategori:Kyrkjer i Indre Romsdal prosti Kategori:Kyrkjer i Rauma Kategori:Norske kyrkjer frå 1976