Stine Renate Håheim () er ein norsk politikar og stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet. Ho er statssekretær for utviklingsminister Åsmund Aukrust.

Bakgrunn Håheim er fødd i Oslo og voks opp i Valdres i Oppland. Ho studerte ved lektorstudiet på Universitetet i Oslo, eit profesjonsstudium retta mot læraryrket.

Politikk

Håheim har vore sentralstyremedlem i AUF. Ho var kommunestyremedlem i Nord-Aurdal 2003–2007, og medlem av Oppland fylkesting 2007–2009.

Ved stortingsvalet 2009 var ho den 4. kandidaten til Arbeidarpartiet frå Oppland, og møtte frå oktober 2009 fast for Rigmor Aasrud. Ved stortingsvalet i 2013 blei ho vald inn på eige mandat, som nummer tre på Arbeiderpartiet si liste i Oppland.

Stine Renate Håheim er kjend for å ha spreidd utsegna «Om éin mann kan visa så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik me alle kan visa saman!» etter 22. juli-åtaka, mellom anna i intervju med CNN 23. juli 2011.

Stortingskomitear 2009–2013: Medlem i Justiskomiteen 2011–13: Medlem i Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen 2013–17: Medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen

Kjelder

Bakgrunnsstoff Stine Renate Håheim hos Stortinget

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Lokalpolitikarar i Nord-Aurdal Kategori:Ap-politikarar i Oppland