Tore Hagebakken () er ein norsk journalist og politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Oppland fylke ved stortingsvalet 2005. Han har også vore statssekretær i Sosial- og helsedepartementet.

Karriere Hagebakken har vore journalist i Oppland Arbeiderblad 1980-1990, og var assisterande redaktør same stad 1990-91. Hagebakken har vore kommunestyremedlem frå 1979, ordførar i Gjøvik kommune frå 1992 til 2005, og var i 2000-2001 statssekretær i Sosial- og helsedepartementet. Han har også sete i sentralstyret i Arbeidarpartiet sidan 1995. Hagebakken var medlem av Rådet for Lillehammer Olympiske Komite (LOOC) frå 1992 til 1994, og har i fleire år vore styremedlem i Oppland Energiverk og Mjøskraft.

Hagebakken var vararepresentant til Stortinget i periodane 1985–1989 og 1989–1993. Han vart vald inn som stortingsmann frå Oppland fylke ved stortingsvalet 2005 og vald på nytt i 2009, 2013 og 2017. I den første stortingsperioden var Hagebakken leiar av Stortingets kommunalkomité og i den neste perioden andre nestleiar i helse- og omsorgskomiteen.

Regjering 24. mars 2000–18. oktober 2001 Statssekretær Sosial- og helsedepartementet

Stortingskomitear 2005–09: Medlem (og seinare leiar) i kommunal- og forvaltningskomiteen 2009–: Andre nestleiar i helse- og omsorgskomiteen

Kjelder

Bakgrunnsstoff Mjøsmuseets liste over ordførere Tore Hagebakken - presentasjon hos TV2.

Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg I Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Ap-ordførarar i Oppland Kategori:Ordførarar i Gjøvik Kategori:Norske journalistar Kategori:Journalistar i norske lokalaviser Kategori:Folk frå Vestre Toten