Per Arne Lodding Olsen () var ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2009, var andre nestleiar i partiet og ordførar i Tønsberg kommune frå 2003 til 2009.
Olsen vart i august 2016 statsforvaltar i Vestfold, og frå 1. januar 2019 i det nye fylkesmannsembetet i Vestfold og Telemark fylke.
På Stortinget var Olsen medlem av helse- og omsorgskomiteen og av valkomiteen.
Olsen overtok som andre nestformann i sentralstyret i partiet etter John Alvheim. Han var varamedlem i Kringkastingsrådet frå 1998 til 2009 og medlem i styret for Folketrygdfondet frå 1992 til 2009.
Per Arne Olsen jobba mellom anna som kontorsjef ved hovudkontoret til Framstegspartiet i Oslo og som generalsekretær i Framstegspartiet sin Ungdom.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Per Arne Olsen hos Stortinget Kommentar fra www.liberaleren.no 2005 om Olsen som «Hagens liberalist»
Kategori:Fylkesmenn i Vestfold Kategori:Fylkesmenn i Vestfold og Telemark Kategori:Statsforvaltarar Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:FrP-ordførarar i Vestfold Kategori:Ordførarar i Tønsberg Kategori:Folk frå Tønsberg