Marit Nybakk () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho representerte valkrinsen Oslo på Stortinget frå 1986 til 2017, siste fire år var ho visepresident i Stortinget.

Politisk karriere Nubakk vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1989, var vald inn i 1985 som vararepresentant, og møtte for Gro Harlem Brundtland frå 9. mai 1986. Ho vart fast representant 26. februar 1987 etter bortgangen til Knut Frydenlund.

8. oktober 2009 vart Nybakk vald til 3. visepresident i Stortinget. Ho vart i 2013 1. visepresident i Stortinget. Nybakk var president i Nordisk råd i 2013.

Nybakk vart i 2016 vald til leiar i Norsk Kvinnesaksforening.Marit Nybakk ny leder i Norsk Kvinnesaksforening, kvinnesak.no

Ymse «Jeg vet at min generasjon har fått de politikere vi fortjener, men våre barn kan umulig ha fortjent politikere som Marit Nybakk», skreiv gjesteskribent Finn Holmer-Hoven i Skolefokus nr 7/1997.

Stortingskomitear 1985–89: medlem i forbrukar- og administrasjonskomiteen 1989–93: medlem i kyrkje- og undervisningskomiteen 1993–97: medlem i valkomiteen 1993–97: nestleiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 1993–97: varamedlem i den utvida utanrikskomiteen 1997–2001: medlem i utanrikskomiteen 1997–2001: medlem i valkomiteen 2001–05: leiar i forsvarskomiteen 2001–05: medlem i den utvida utanrikskomiteen 2001–05: medlem i fullmaktskomiteen 2005–09: andre nestleiar i utanrikskomiteen 2005–09: medlem i fullmaktskomiteen 2005–09: medlem i valkomiteen 2009–13: medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen 2013–17: Medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen 2013–17: Leiar i Fullmaktskomiteen

Kjelder

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi dna.no - Biografi

Kategori:Folk frå Nord-Odal Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017