Joachim Thomassen () var ein norsk internasjonal meister i sjakk (IM) frå Mo i Rana som seinare spelte for Stavanger sjakklubb. Han var elev på sjakklina ved Norges Toppidrettsgymnas i Bærum der han hadde Simen Agdestein som lærar. Han spelte ikkje konkurransesjakk etter 2014, og døydde i 2026 berre 35 år gamal.

Noregsmeisterskapen i sjakk 2010 I Noregsmeisterskapen i sjakk som blei arrangert i Fredrikstad i juli 2010, imponerte han og leia Eliteklassa med 6 av 8 moglege poeng då det stod att eit parti. Han tapte dette siste partiet, og kom dermed på delt førsteplass saman med Kjetil A. Lie, Espen Lie og Frode Olav Olsen Urkedal.Landsturneringen 2010, resultatlister - turneringsservice.sjakklubb.no I stikkamp mellom desse fire for å kåre vinnaren 14-17. oktober 2010 vart han nr. 2, eit halvt poeng etter vinnaren Kjetil A. Lie.Resultat stikkamp om NM i sjakk 2010

Internasjonal Meister i sjakk Joachim Thomassen gjorde sterke resultat i tre internasjonale turneringar, noko som gav han dei nødvendige tre innteikningane i tittelen Internasjonal Meister i sjakk: I Arctic Chess Challenge i Tromsø i august 2007, i Gibtelecom Chess Festival i Gibraltar i januar 2008, og i San Sebastian Open i Spania, i mars-april 2010.

Men han mangla nokre ratingpoeng på å nå kravet om eigen FIDE-rating på 2400. Han fekk si fjerde innteikning med resultatet i NM i Fredrikstad i juli 2010, og vann også ein del ratingpoeng, men mangla nokre framleis. Han klarte deretter også ei femte innteikning i IM-tittelen i august 2010, i Arctic Chess Challenge i Tromsø, og med denne prestasjonen passerte han også 2400 i eigen rating. Han blei dermed utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i månadsskiftet september/oktober 2010.Thomassen IM! - Moss SchakklubFIDE si liste over tittelutnemningar på kongressen i Khanty-Mansiysk 23.9-4.10.2010, vitja 2.11.2010

Kjelder

Bakgrunnsstoff Joachim Thomassen sitt ratingkort hos FIDE Joachim Thomassen sine parti hos NorBase Joachim Thomassen sine sjakkparti hos Chessgames.com

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Folk frå Rana Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk