Marek Hamšík () er ein slovakisk fotballspelar som har spela på midtbanen for Napoli i italiensk Serie A og på det slovakiske landslaget.
Hamšík drog til Brescia i italiensk fotball frå Slovan Bratislava i heimlandet som 17-åring, for 500 000 euro. Han debuterte i Serie A med Brescia 20. mars 2005, i ein alder av 17 år og 237 dagar. Han vart fast på laget i Brescia i 2005/06-sesongen, då laget spelte i Serie B. Sommaren 2007 gjekk han til Serie A-klubben Napoli for 5,5 millionar euro. I 2007, 2008 og 2009 vart han kåra til årets unge slovakiske fotballspelar. I 2008 vart han òg kåra til årets unge spelar i Serie A.
Hamšík debuterte for Slovakia sitt A-landslag 7. februar 2007 i ein privatlandskamp mot Polen. Han var landslagskaptein for Slovakia under fotball-VM i 2010 og spelte alle Slovakia sine fire kampar.
Kategori:Slovakiske fotballspelarar Kategori:Napoli-spelarar Kategori:Brescia-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016