Josip Iličić () er ein slovensk fotballspelar som spelar på midtbanen for NK Maribor. Han har òg landskampar for Slovenia.

Iličić vart fødd i Bosnia-Hercegovina, men flytta til Slovenia då han var berre eitt år gammal. Han har kroatisk opphav, og kunne difor ha spelt for landslaga til både Kroatia og fødelandet Bosnia-Hercegovina, men valde Slovenia, der han har budd mesteparten av livet. Han debuterte for Slovenia sitt A-landslag 11. august 2010 i ein privatlandskamp mot Austerrike.

Iličić vart seld til Palermo i italiensk Serie A frå den slovenske klubben Maribor sommaren 2010 for ein ukjend sum, som ein går ut frå er rundt 2,3 millionar euro. Dette gjorde han til ein av dei dyraste slovenske fotballspelarane. Han spela for Palermo frå 2010 til 2013 og for Fiorentina frå 2013 til 2017. Deretter gjekk han over til Atalanta BC.

kategori:slovenske fotballspelarar kategori:Palermo-spelarar