Viftestjertfamilien, Rhipiduridae, har historisk vore ein monotypisk biologisk familie av sporvefuglar med slekta Rhipidura, viftestjertar, men er i dag ein familie med tre slekter. Utbreiingsområdet for familien er i den orientalske regionen og i den australske regionen frå Pakistan i vest, til Fiji i Stillehavet.

Dei monotypiske slektene Chaetorhynchus og Lamprolia, med børstenebb og satengstjertar høvesvis, kom inn i familien i Clementslista frå og med utgåva av september 2012.Clements et al 2012: Ref til sidene 577 og 479 Soleis er det no tre slekter i denne familien.

Slekter og artar Viftestjertfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Slekt Chaetorhynchus Børstenebb, Chaetorhynchus papuensis, Pygmy Drongo-Fantail, Meyer, 1874, (LC)

Slekt Lamprolia Taveunisatengstjert, Lamprolia victoriae, Taveuni Silktail, Finsch, 1874, (NT) Natewasatengstjert, Lamprolia klinesmithi, Natewa Silktail, EP Ramsay, 1876

Slekt Rhipidura, 48 viftestjertar.

Kjelder

Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012), Updates & Corrections: September 2012, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology

Referansar

Kategori:Fuglar i den orientalske regionen Kategori:Fuglar i den australske regionen