John Foley York () er ein amerikansk bassist og gitarist. Han er mest kjend som medlem av The Byrds. Han vart medlem av bandet i september 1968 då han tok over for den opphavlege bassisten Chris Hillman. Han vart verande i gruppa fram til september 1969, då han vart sparka av dei andre tre medlemmene og erstatta av Skip Battin. Trass i at han berre var med i bandet i eitt år, spelte han bass og song på studioalbuma Dr. Byrds & Mr. Hyde og Ballad of Easy Rider.

Før han vart med i The Byrds hadde York vore medlem i The Bees og Sir Douglas Quintet, samt at han hadde arbeidd som studiomusikar for The Mamas & the Papas og Johnny Rivers. Han var òg bassist i turnebandet til Gene Clark, som òg hadde spelt i The Byrds. Han arbeidde òg med Clark i 1980-åra i bandet CRY. York har òg gjeve ut tre soloalbum.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «John York (musician)» frå , den 16. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:Folk frå New York Kategori:The Byrds-medlemmer