«Turn! Turn! Turn! (to Everything There Is a Season)», ofte forkorta til «Turn! Turn! Turn!» er ein song som er henta frå Forkynnaren i Bibelen (med unntak av den siste linja) og sett til musikk av Pete Seeger i 1959. Seeger venta til 1962 før han spelte inn si eiga utgåve av songen, og gav han ut på The Bitter and the Sweet på Columbia Records. 45% av alle honorara for songen er donerte til Israeli Committee Against House Demolitions, fordi som Seeger sa: «(i tillegg til musikken) skreiv eg seks ord». Songen vart ein internasjonal hit seint i 1965 då han vart spelt inn av The Byrds. Deira utgåve nådde førsteplassen i USA og 26. plass i Storbritannia.

Teksten og tittelen Teksten er henta nesten ordrett frå Forkynnaren, slik ein finn han i Kong Jakob-bibelen frå 1611, sjølv om ordrekkefølgja er endra for songen. Forkynnaren vert tradisjonelt tilskriven kong Salomon.

Den bibelske teksten fastslår at det er ein tid og stad for alt: latter og sorg, læking og drap, krig og fred osv. Linjene er opne for mangfaldige tolkingar, men i songen får dei som regel tydinga om ei bøn om verdsfred, med vekt på den siste linja: «a time for peace, I swear it's not too late.» Denne linja og tittelen «Turn! Turn! Turn!» er dei einaste som Seeger skreiv sjølv.

Andre utgåver Tidlege viseutgåver Songen vart først gjeven ut av visegruppa The Limeliters på albumet deira Folk Matinee i 1962, då med tittelen «To Everything There Is a Season». The Limeliters gav ut si utgåve fleire månader før Seeger si eiga utgåve kom ut. Ein av medlemmene i The Limeliter var Jim McGuinn (òg kjend som Roger McGuinn), som seinare arbeidde med visesongaren Judy Collins. For henne omarrangerte han songen for albumet Judy Collins 3 i 1963. Collins si utgåve vart kalla «Turn! Turn! Turn! (To Everything There Is a Season)», den same tittelen som bandet til McGuinn, The Byrds, seinare nytta når dei spelte songen i 1965.

The Byrds-utgåva «Turn! Turn! Turn!» var den tredje singelen av The Byrds og kom ut 1. oktober 1965 på Columbia Records. Songen kom òg ut på albumet Turn! Turn! Turn!, som kom 6. desember same året. The Byrds-utgåva er den mest suksessrike versjonen av songen, og singelen nådde førsteplassen i USA og 26. plass i Storbritannia.. Teksten til The Byrds-utgåva er den eldste teksten som nokon gong har hamna på førsteplassen i USA.

Nesten tre tiår etter songen kom ut, hadde han ei viktig rolle i filmen Forrest Gump frå 1994.

Andre sine utgåver Songen er òg spelt av ei rekkje andre artistar:

The Seekers på Georgy Girl frå 1966 Mary Hopkin som B-side til «Those Were The Days» frå 1968. Nina Simone på To Love Somebody frå 1969. Dolly Parton på The Great Pretender frå 1985.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Turn! Turn! Turn!» frå , den 17. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:The Byrds-songar Kategori:Dolly Parton-songar Kategori:Nina Simone-songar Kategori:Antikrigssongar Kategori:Songar produserte av Terry Melcher Kategori:Musikk basert på Bibelen Kategori:Songar skrivne av Pete Seeger Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Judy Collins-songar Kategori:Jan & Dean-songar