Grip er eit lite fiskevær rett nord for Kristiansund og vestanfor Smøla og Tustna på Nordmøre. Grip vart oppretta som eigen kommune i 1897, men vart i 1964 innlemma i Kristiansund kommune. Grip var den minste kommunen i landet etter folketal. Ved samanslåinga var det 104 menneske som budde på Grip.Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) Dei siste fastbuande flytte frå øya i 1974. No er det ingen fastbuande på øya, men ho er mykje brukt som ferieplass om sumaren.

mini|venstre|Utsikt mot Grip. mini|right|Gateparti frå Grip.

Grip er mellom anna kjend for sitt historiske minnesmerke Grip kyrkje, ei stavkyrkje som vart bygd ein gong på 1400-talet. Her er òg eit fyrtårn som vart bygt i 1888.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Grip kommune frå 1801 til 1964: 1801Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet 1.1.1897 1910"Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd på Grip 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964 167 198 187 242 270 224 191 132 104

Kjelder

Kategori:Fiskevær i Møre og Romsdal Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Øyar i Kristiansund Kategori:Norske kommunar skipa i 1897 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964