«Marrakesh Express» er ein song spelt inn av Crosby, Stills & Nash, som dei gav ut på Crosby, Stills & Nash i 1969. Graham Nash, tidlegare medlem i The Hollies, skreiv songen og hadde opphavleg tenkt å spele inn songen med det gamle bandet sitt. The Hollies gjorde eit forsøk på det, men det vart aldri noko meir av det.

Songen vart òg gjeven ut som den første singelen til CSN i 1969. Songen nådde 28. plass i USA og 17. plass i Storbritannia.

Marrakesh er ein by i Marokko som er kjend for lêrvarer. Marrakesh Express er eit tog Nash tok ein gong på ei reise dit frå Casablanca i 1966. Teksten er fylt med syn, lydar og stemningar han møtte på turen. I eit intervju med Rolling Stone fortalte Nash at han reiste på første klasse, men at det var så keisamt at han gjekk for å sitje med bermen og «endene, grisane og hønene».

Medverkande David Crosby–harmonivokal Stephen Stills–harmonivokal, gitar, bass, klaverinstrument, perkusjon Graham Nash–solovokal, rytmegitar Jim Gordon–trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marrakesh Express» frå , den 24. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-songar Kategori:Debutsinglar frå 1969 Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Songar skrivne av Graham Nash Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Marrakech Kategori:Songar om tog Kategori:Songar om Afrika Kategori:Stan Getz-songar