Time Fades Away er eit konsertalbum av Neil Young frå 1973, som berre består av tidlegare uutgjevne songar. Det vart spelt inn med The Stray Gators på ein av turneane etter det populære Harvest-albumet kom ut i 1972. Sidan Young var misnøgd med desse konsertane tok det over 40 år før albumet kom ut på CD. Sjølv om Time Fades Away vart kritikarrost, finst i mange piratutgåver og er særs etterspurd blant tilhengjarar, var det først i august 2017 at albumet kom ut på CD, og då i ei plateboks i lag med andre album. Samstundes vart albumet tilgjengeleg på digitale format.
Historie «Love In Mind» er frå ein soloturne i 1971 (same turne som «The Needle and the Damage Done» vart spelt inn for Harvest), medan resten av songane er frå turneen tidleg i 1973. Young spelte her eit akustisk sett solo etterfølgd av eit elektrisk sett med The Stray Gators. Den tidlegare Crazy Horse-gitaristen Danny Whitten hadde nettopp døydd av ein heroinoverdose, og skulle opphavleg vere med the Gators som andregitarist, men vart send heim då det vart klart han han ikkje var i ein tilstand der han kunne spele med dei. Dødstemaet og den mørke stemninga dette medførte går igjennom i denne perioden og kulminere med albumet Tonight's the Night.
Turneen kom etter suksessen til det country-aktige Harvest. Publikum reagerte ikkje alltid positivt på dei nye songane Young spelte. Young vart mentalt ustabil under turneen og frustrerte trommeslagar Kenneth Buttrey så mykje at han slutta før turneen var ferdig. Han vart erstatta av den tidlegare trommeslagaren i Turtles og CSNY (og seinare Jefferson Airplane) Johnny Barbata, som speler på alle innspelingane på denne plata. Pianisten Jack Nitzsche var òg frustrert, og i følgje produsent Elliot Mazer i boka Shakey sa han ofte obskøne ting i mikrofonen hans, som var slått av.
Alkoholmisbruk kombinert med synging i høgt toneleie, gjorde at Young pådrog seg ein halsinfeksjon dei siste dagane av turneen. David Crosby og Graham Nash vart då bede med for å synge harmonivokal og spele rytmegitar. Etter nitti dagar enda turneen i Salt Lake City.
Innspeling
Time Fades Away vart spelt inn direkte frå miksepulten til ein tosporsmaster med hjelp av Quad-8 CompuMix, den første digitale miksepulten, noko som frustrerte produsenten David Briggs. Dette førte til grumsete lyd på utgjevinga, og fordi dei endelege miksane var frå desse grove kutta, er det heller ikkje mogeleg å mikse albumet på nytt.
Utgjeving
Time Fades Away kom ut 15. oktober 1973. Albumet nådde 22. plass på den amerikanske albumlista og selde rask til gullplate med over ein million selde eksemplar i både USA og Storbritannia. Han vart gjeven ut på vinyl, kassett og 8-spor, men altså aldri på CD.
Tittelsporet på albumet vart gjeve ut som singel med B-sida «Last Trip To Tulsa», ei konsertutgåve frå same turneen.
Reaksjon Reaksjonen til Young
Neil Young kommenterte Time Fades Away i teksten til omslaget for samleplata Decade:
I 1987 fortalte Young ein intervjuar at Time Fades Away var «det verste albumet eg lagde - men som ein dokumentar til kva som skjedde med meg, var det ei flott plate. Eg var på scenen og spelte alle desse songane som ingen har høyrt før, spelte dei inn og hadde ikkje det riktige bandet. Det var berre ein ukomfortabel turne. Eg følte meg som eit produkt og eg hadde dette stjernelaget av musikarar som ikkje ein gong song på kvarandre.»Thrasher's Wheat page: "Time Fades Away by Neil Young".Shakey by Jimmy McDonough, s. 391.
Young har sjeldan spelt songar frå Time Fades Away på andre konsertar, men i juli 2008 spelte han tittelsporet på ein konsert i Oberhausen i Tyskland.Sugar Mountain: "Neil Young - 2008 setlists."
Mottaking
Då det kom ut fekk Time Fades Away positiv kritikk frå Rolling Stone,Rolling Stone: "Neil Young: Time Fades Away: Music Reviews ." The New York Times, og Robert Christgau frå Village Voice.Robert Christgau si offisielle nettside: "Neil Young reviews." I nyare år har det vorte høgt verdsett av AllMusic,AllMusic: "Time Fades Away: Overview." sputnikmusic,sputnikmusic: "Time Fades Away review." og Blurt Online.Blurt Online article: "Time Fades Away "
R.E.M. har omtalt Time Fades Away som ei inspirasjonskjelde for New Adventures in Hi-Fi.
CD-utgåve og Time Fades Away II
I lag med filmmusikken til Journey Through the Past, er Time Fades Away det einaste offisielle albumet til Neil Young som ikkje finst på CD. Young har ofte nemnt dei ulukkelege minna hans frå turneen som hovudårsaka til at albumet ikkje er gjeven ut.
På midten av 1990-talet var det planar om å gje ut albumet på HDCD, men planane vart skrinlagde av ukjende årsaker.Side Street Records: "Unreleased Neil Young compact discs 1988-1995." Tidleg i 2007 fortalte managementet til Young at det ikkje låg planar om å gje ut albumet på CD.
I oktober 2009 fortalte Young til Gitar World at plata kalla Time Fades Away II kom til å verte ein del av det andre volumet av Archives-boksserien. Han sa at Time Fades Away II har ein annan trommeslagar enn det albumet. Kenny Buttrey var der for første halvdel av turneen og Johnny Barbata for den andre. I følgje Young er det noko heilt anna med heilt andre songar.Gitar World interview with Neil Young.
Innhald Side ein
Side to
Medverkande Neil Young — vokal; gitar ; piano ; munnspel ; bass† Ben Keith — pedal steel, vokal ; slidegitar ; vokal Jack Nitzsche — piano ; vokal David Crosby — gitar ; vokal Graham Nash — gitar, vokal Tim Drummond — bass Johnny Barbata — trommer
† Neil Young oppført som «Joe Yankee»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Time Fades Away» frå , den 27. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff Neil Young's Time Fades Away - Analyse og meldingar Time Fades Away (no label) - Analyse og meldingar på Collectors Music Reviews
Kategori:Konsertalbum av Neil Young Kategori:Konsertalbum frå 1973 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Elliot Mazer